6.33. Innstillingar for rutenettet

Kommandoen innstillingar for rutenettet vert brukt for å bestemma utsjånaden for rutenettet du kan legge over biletet for å gjere tilpassingane meir nøyaktige. Du kan velja farge for nettet, avstanden mellom linjene og forskyving i høve til biletet. Endeleg kan du også velja mellom fem ulike rutemønster.

6.33.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet på biletmenyen via Bilete → Innstillingar for rutenettet.

6.33.2. Beskriving av dialogen «Innstillingar for rutenettet»

Figur 16.98. Dialogvindauget «Innstillingar for rutenettet»

Dialogvindauget «Innstillingar for rutenettet»

Utsjånad

Du brukar dette dialogvindauget for å bestemma utsjånaden på det rutenettet som kjem fram når du slår på rutenettet.

Linjestil
Kryss (prikkar)

Dette er den minst iaugnefallande stilen, med ein liten prikk i kvart krysningspunkt.

Kryss (trådkors)

Dette er normalstilen, og syner eit lite kryss i kvart av krysningspunkta.

Stipla

Denne stilen viser stipla linjer. Dersom desse linjene er svært nære kvarandre, kan det verta vanskeleg å bruka rutenettet.

Dobbeltstipla

Denne stilen viser stipla linjer der fargen på linjene vekslar mellom forgrunnsfargen og bakgrunnsfargen annakvar gong.

Heiltrukke

Denne stilen viser heiltrukne linjer i forgrunnsfargen.

For- og bakgrunnsfarge

Click on the color button to select a new color for the grid.

Mellomrom

Breidde og høgde

Du bestemmer her cellestorleiken for nettet, dvs. avstanden mellom linjene, i den måleeininga du ønskjer.

Forskyving

Breidde og høgde

Du bestemmer kor mykje rutenettet skal forskyvast i forhold til biletet. Koordinata har, som vanleg, utgangspunkt i øvre, venstre hjørne (0,0).